onsdag 15. mai 2013

Flott dag!

Starta med at eg ha klart å sove meg gjennom vekkarklokka, våkna først kl 12.40!! Fekk vite av ei venninne at eg ikkje har komme opp i matte skriftleg, så mest sannsynlig muntlig, flott!
Skulle inn og sjekke karakter på årsprøva på skulearena, trur du maskina mi funka? Neida! Her e maskina mi idag:

Prøvde å bruke den stasjonære i huset, men den påsto eg hadde feil passord, typisk! Men utrulig nok fekk eg sjekka det på tlf, so eg fann iallfall ut at eg sto på prøva, sjøl om eg ikkje trudde det :-P

So no bør min daglige dose med å vere uheldig, vere over, for ellers veit eg ikkje ka eg gjer :-P
Ha ein fin dag alle sammen!

fredag 10. mai 2013

Kristi himmelfartsdag

Rød dag eller ei, sola kom fram, temperaturen var på plass og då blei da gjort litt ute :D Gubben rydda og støvsuga bilen inni, so den e klar til langtur i helga :) Eg derimot fekk rydda og ruska opp litt på tunet og i "hagen" på oppsida av huset! Ein gediiiiiigen presenning so va oppdelt i 3-4 dela blei plukka ihop og kasta i sekk og litt ommøblering av ting ute på tunet so det blei ryddigare :) I tillegg drog eg opp alle "juletre" og "tre" (med rot) på kanten mellom den sokalla hagen og tunet. Det kom seg betydelig og eg fekk fylt opp tre store sekkar med presenning og kvist og kvast so skal på dynga. Deilig å vere ute og vere litt aktiv og få frisk luft! Kan vel nesten kalle det vårreingjering ute :P

onsdag 8. mai 2013

Matteprøve og bilhenting

Som sikkert nokre av mine bekjente veit so har eg teke matte på allmennfagleg påbygging og teke oppatt matten pga for dårleg karakter til det eg vil gå på høgare utdanning, men pga diverse omstendigheiter gjekk det dessverre skeis ifjor.. No tek eg matte, igjen, og har hatt årsprøve idag, og følte at den gjekk rett vest og litt til, so vi får sjå kva læraren seier når eg får den tilbake :P




Skal hente atte bilen vår idag, pappa har vore so snill å hatt den inn på ein verkstad i Førde etter at den har drive og tulla med girkassa (automat) so derfor får eg æra av å hente den atte idag, skal bli ein sann glede å få den atte :D


Omtrent ein sånn ein, berre det at vår er høgare, type "traktor" pga den har gått som politibil i Tyskland i begynnelsen av levetida si :P

mandag 6. mai 2013

Ny blogg

Ny blogg, veldig lei av tull og null oppgraderingar på den gamle, så no måtte eg ta tak i det! Håpar de likar den nye bloggen, og kanskje eg skal klare å vere litt meir aktiv her? :P

Skal prøve å få til å importere den gamle bloggen hit, men hittil har den berre krangla på det :(